Utetrening!

Utetrening!

Vi startar med gruppetimar ute, nokon timar også med utstyr!


Styresmaktene har gjeve oss mogelegheit til å starte med grupppetimar ute med opp til 20 deltakarar.

Frå og med måndag 11. mai startar vi med gruppetimar ute. Du kan enkelt booke time via vår app eller heimeside.

Utetimane vil foregå på TIN-Camp og i Jølet. Kvar dei ulike timane skal vere vil stå på timeplanen. For dei timane som skal vere på TIN-Camp møter du opp der, mens for dei timane som skal vere i Jølet møter du opp utanfor Spenst kor du får utdelt utstyr. Yoga vil også foregå i Jølet, men då møter ein opp i Jølet og har med eiga yogamatte/underlag. Dette på grunn av smittevern.

I forhold til smittesporing skal alle som deltar på våre gruppetimar booke plass via vår online booking som vanleg. Det er ikkje lov å møte opp om du ikkje har fått plass på timen.

Vi ynskjer at timane skal vere sikker for både deg og våre tilsette. Det er derfor nokon reglar alle må følgje:

  • Berre trene dersom du er heilt symptomfri
  • Dersom du tilhøyrer risikogruppa – ta kontakt med lege for medisinske råd
  • Desinfiser hender FØR og ETTER timen. Spenst stiller med desinfeksjon (vask hendene før du møter opp til treninga og ta gjerne med eigen antibac).
  • Du får kun bruke det treningsutstyret du har fått tildelt. Du har ikkje lov å ta på andre sitt treningsutstyr før, under eller etter timen.
  • Hold anbefalt avstand i samsvar med retningslinjer frå styresmaktene - minst 1 meter avstand til andre deltakarar
  • Husk å hoste og nyse i albuekroken
  • Ingen klemming eller handhelsing
  • Ingen berøring tilsette/instruktør/personleg trenar og kunde/medlem
  • Ingen medlemmar har lov INN på senteret. Det vil ikkje vere tilgang til skift, garderobar eller toalett i Spenst sine lokalar.
  • Bruk gjerne eigne hanskar
  • Du må ta med deg eige handkle, drikke og liggeunderlag til treninga.
  • Bruk t-skjorte og treningsbukse/tights
  • Alle smitteverntiltak må følgjast, og instruktør sørger for å opplyse om desse før kvar treningsøkt.

Vi desinfiserar utstyr før og etter timen.

Velkomen til utetrening!



<< Tilbake
Spenst Gloppen
Krånavegen 5
6823 Gloppen
Tlf. 57 86 50 60
E-post gloppen@spenst.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern