Kjære medlem!

Kjære medlem!

Oppdatert medlemsinformasjon per 8. mai 2020.


Torsdag 7.mai la Regjeringa fram planen for vidare handtering av covid-19 og ein tidsplan for
nedtrapping av dei mest inngripande tiltaka.

Det er no lagt ein intensjon om å opne treningssentera frå og med 15. juni.

I mellomtida er det viktig å fortelle alle våre medlemmar at vi set enorm pris på den støtta vi har mottatt. Både i form av gode ord og ikkje minst takk til alle som har latt trekket gå som normalt i påvente av at senteret opnar igjen.

Vi har mottatt kontantstøtte for dei faste uunngåelege kostnadane, men dette dekkjer svært lite av våre utgifter, noko som gjer at alt av støtte vi mottar gir oss mogelegheit til å kome oss gjennom nedstenging og ta imot alle 15. juni.

Vi har forståing for at du lurer på kva som skjer med ditt medlemskap i mai og framover. Ved å la trekket gå som normalt, vil du få lagt til treningsperioden vi held stengt til ditt medlemskap. Ynskjer du å fryse ditt trekk kan du også velje denne løysinga, ved å bruke link nedanfor.

Ynskjer du å la trekket gå som normalt set vi stor pris på di støtte. Skulle du ynskje alternative løysingar, håpar vi at du vel eit av dei tre alternativa nedanfor:

Val 1:
Gje vekk tilsvarande periode vi held stengt til venn/familie.
Vel du dette alternativet så får du eit gåvekort på dette i resepsjonen når vi opnar igjen. Gåvekortet kan nyttast fram til 31. juni 2021.

Val 2:
Fri trening tilsvarande periode for stengde lokaler.
Vel du dette alternativet kan du velje deg ut ein periode du kan få fri treningstid tilsvarande den perioden som vi held stengt. Fri perioden må nyttast innan 31.juni 2021.

Val 3:
Frys av medlemskapet tilsvarende perioden vi held stengt.
Vel dette alternativet dersom du ynskjer å fryse dine trekk framover og heller starte opp treninga når vi opnar opp senteret igjen.

Husk å bekrefte ditt val før 8. mai, slik at vi får registrert og utført ditt val riktig i vårt system.

REGISTRER DITT VAL HER

 

VI STARTAR MED GRUPPETIMAR UTE, NOKON TIMAR OGSÅ MED UTSTYR.

Styresmaktene har gjeve oss mogelegheit til å starte med grupppetimar ute med opp til 20 deltakarar.

Frå og med 11. mai startar vi med gruppetimar ute.

Du kan enkelt booke time via vår app eller heimeside.

LES MEIR OM UTETIMAR HER


#HOLDIGANG.NO

Registrer deg på vår treningsdugnad. Alle dine treningsøkter, dine gåturar, arbeid i hagen osv. blir belønnet. Underveis vil du vere med i trekning av fine premiar, sponsa av våre samarbeidspartnarar.

Registrer di deltaking enkelt ved å gå til FB sida #HOLDIGANG, nettsida holdigang.no eller registrer di deltaking no ved å trykke HER!

 

GRATIS ONLINE TRENING I SAMARBEID MED LESMILLS

Dette har vore eit godt tilbod og vi har gleda av å informere at våre leverandørar har vidareført denne tenesta for oss også for juni månad. Samarbeidet med LesMills gjev deg som Spenst medlem ein unik GRATIS tilgang til over 800 totale treningsøkter. Heilt fram til 1. juli kan du trene GRATIS gjennom ditt medlemskap i Spenst.

Dette tilbodet er forbeholdt aktive medlemmar.

Du kan enkelt kome i gang ved å trykke på linken nedanfor. Abonnementa vil automatisk avsluttast 1. juli av Spenst.

REGISTRER DI ONLINE TRENING MED LESMILLS HER

 

VI VIL HALDE DEG OPPDATERT VIA VÅR NETT- OG FACEBOOK SIDE

Vi vil halde deg oppdatert via vår facebook side og heimeside.

Vi gler oss masse til å sjå dykk alle igjen!

For spørsmål, ta kontakt med gloppen@spenst.no

Helsing alle oss i
Team Spenst Gloppen



<< Tilbake
Spenst Gloppen
Krånavegen 5
6823 Gloppen
Tlf. 57 86 50 60
E-post gloppen@spenst.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern