Kjære medlemmar og glopparar

Kjære medlemmar og glopparar

Som veldig mange andre lokale bedrifter, har Spenst Gloppen no ei usikker og krevjande tid i vente og det er ufatteleg tomt her på senteret utan våre fantastiske medlemmar og tilsette. Torsdag i førre veke måtte blant anna alle treningssenter i Noreg stenge dørene. Vi bidrar alle saman i ein nasjonal dugnad for å hindre og begrense spreiinga av Corona viruset, som har ført til at kvardagane til folk er snudd på hovudet av alle tiltaka som er gjort, men som faktisk er heilt nødvendige!


For Spenst Gloppen vil det vere heilt avgjerande å behalde medlemsmassen for å kunne oppretthalde det gode treningstilbodet til glopparane igjen når vi skal opne. Det er mange små bedrifter i same situasjon i Gloppen, tenk lokalt og tenk langsiktig.

Vi jobbar på spreng for å svare på alle spørsmål vi får, og vi har full forståelse for at det er mange spørsmål knytt til medlemskap. Trekket 20. mars vil gå som normalt. Sjølv om vi i desse vekene ikkje kan levere det treningstilbodet vi aller helst ønskjer, har vi no fått på plass alternativ gruppetrening til våre medlemmer. Eit gratis online tilbod som medlemmar kan logge seg inn på. Alle våre medlemmar vil motta ein SMS frå oss iløpet av dagen/kvelden i dag, torsdag 19. mars, eller i morgon, med link til gratis online tilbod. Her finn du 100 treningsvideoar! Det er ulike styrketimar, pilates, yoga, zumba, tabata og mykje meir. Ja, til og med barnedans til dine barn eller barnebarn.

Spenst Gloppen er eit treningssenter der alle skal føle seg velkomne, med godt treningsmiljø, der latteren og smila sitter laust blant medlemmer og tilsette. Vi håper at du vil hjelpe oss med å bevare treningssenteret, slik at vi kan opne opp att med det same treningstilbodet 14. april.

Følg råda frå myndigheitene, ta vare på kvarandre og tenk positivt. Vi gler oss ekstremt til å få dykk tilbake, slik at vi kan fortsette med verdens beste jobb på Spenst Gloppen, treningsglede og folkehelse til folket!

Med beste helsing,
Sarah, Julie, Merete og resten av teamet i Spenst Gloppen 💜



<< Tilbake
Spenst Gloppen
Krånavegen 5
6823 Gloppen
Tlf. 57 86 50 60
E-post gloppen@spenst.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern